Første veka bør dei faste i tre dagar.
Så veit dei korleis det er.
Fjerde dagen bør dei få ete
det dei har lyst på.
Så veit dei korleis det er.
Nå gir ein dei ei bok dei aldri har sett før
og ber dei lese i den om alt
som vedkjem hunger og mangel,
som vedkjem lyst og velvære.
Så veit dei korleis det er
å finne slikt i ei bok.
Neste veke spør ein elevane om dei vil
faste i tre dagar til.
Så veit dei korleis det er
å velje.
Ein gir dei valet: Tre dagars faste
eller bli sende til biblioteket
der dei må leita fram boka
om "fridom for ein som eg".
Så veit dei
kva tvang er.
Den tredje veka skal eleven skrive
alt om dei utvalde bøkene og om lesinga si.
Heile den tredje veka
skal eleven skrive
om seg og sitt som det var
dei to første vekene.
Dessutan også om korleis det er
å leve i den tredje veka.
Så veit dei korleis det er å skrive.
Nå skal ein framand som ikkje kjenner bakgrunnen
lese det skrivne og gi elevane ein karakter
dei skal ha heile livet.
Så veit dei korleis det er å lesast.
Dette siste,
det med den framande lesaren og karakteren,
skal dei ikkje få vite før etterpå,
og tidfesta er det ikkje.
Så veit dei korleis det er
å vente.
Skulle somme elevar ane dette
på førehand, er det likevel ikkje sikkert
dei får nokon god karakter til slutt.
Så veit dei også det.
Einar Økland